Visuell kommunikasjon, innhaldsproduksjon & fotografering.
Mitt namn er Marte Mandelid, og eg jobbar med foto, design og innhald for sosiale medium. Eg hjelper bedrifter, organisasjonar og privatpersonar med å formidle bodskap visuelt - gjennom bilete, enkel grafisk design og innhald som faktisk blir brukt. I tillegg til dette utviklar eg også trykksaker og fysiske produkt som til dømes klistermerke, plakatar og profileringsmateriell. Litt av kvart som blir til eit kvart!
Du treng ikkje ha alt klart før du tek kontakt. Vi finn saman ut kva du ønskjer. Eg lyttar, jobbar effektivt og tek omsyn til det du kjem med av tankar og forslag. Målet mitt er at det skal kjennast trygt og kjekt å jobbe med meg. Basert på kva du treng, og kva som kjennest rettferdig for begge partar, blir vi einige om tidsperspektiv og pris.
Fotografering
Eg leverer foto til nettsider, kampanjar og sosiale medium, og til privatpersonar. Portrett, miljøbilete, actionfoto og stemningsbilete - tilpassa uttrykket og behovet ditt.
Målet er å levere bilete som er enkle å bruke vidare og som fungerer i marknadsføring og kommunikasjon, eller som du eller dine kan henge opp heime på veggen.
Trykksaker & Produkt
Eg utviklar trykksaker og små fysiske produkt som klistermerker, plakatar, flyers og anna profileringsmateriell - både til bedrifter og privatpersonar. Eg kan hjelpe med idé, design og/eller produksjon, og finn saman løysingar tilpassa behov og budsjett.
Innhald & Design
Treng du grafisk innhald til sosiale medium eller til bedrifta di? Eg lagar enkel grafisk design og innhald - innlegg, stories, kampanjemateriell og malar.
Eg hjelper deg å finne eit uttrykk som passar bodskapen din, og lagar løysingar som er lette å bruke og halde ved like.
Nettside & Profiliering
Eg utviklar enkle nettsider og visuelle profilar for små bedrifter, prosjekt og enkeltpersonar.
Dette kan vere enkel logo, fargepalett, typografi, uttrykk og nettsidestruktur.
“Det å samarbeide og dra nytte av Marte sin enorme kreativitet og kunnskap har vore avgjerande støtte og hjelp til alt frå utforming av kul logo - til hjelp med nettbutikk og markedsføring generelt. I tillegg har ho produsert ulike markedsføringsprodukt som verkeleg har gjort merkevaren min tydeleg. Eg vil absolutt anbefale Marte på det varmaste”
Prisliste
Eg har ikkje faste pakkar eller standardprisar. Alle prosjekt er ulike, og behovet varierer. Vi finn saman ut kva du treng, kva som er rimeleg å bruke tid på og kva som kjennest rettferdig for begge partar. Pris er basert på omfang, kompleksitet og kva du faktisk har bruk for.
Samarbeid
Alt startar med ein idé. Det kan vere noko nytt, ei vidareutvikling av noko du allereie held på med, eller berre eit behov for å få ting litt meir på plass. Vi finn saman ut kva som er mest tenleg å gjere vidare, og samarbeider til du er nøgd med resultatet.